Lansering: Etikk i litteratur og film

Lansering: Etikk i litteratur og film

Lansering: Etikk i litteratur og film

Fritt Ord, tirsdag 6. desember kl 16.30

Jakob Lothes bok "Etikk i litteratur og film" lanseres hos Fritt Ord tirsdag 6. desember.

Mykje av litteraturens og filmens appell ligg i etikken dei presenterer. Etikk er ikkje berre ein del av innhaldet, men også av forma og forteljemåten.

Ein litterær tekst eller film gir ingen etisk fasit, men stiller etiske spørsmål ved å presentere personar og forteljarar som gjennom handlingar, tankar, kjensler, haldningar og prioriteringar markerer seg moralsk, for eksempel gjennom vala dei gjer.

Boka diskuterer etikken i romanar og noveller av bl.a. Franz Kafka, Nadine Gordimer, Jonathan Littell, Kjartan Fløgstad, Joseph Conrad, Ian McEwan, W.G. Sebald, Hanne Ørstavik og Ingrid Storholmen. I tillegg kjem filmar som Apokalypse Nå! Redux, Om forlatelse, Turist, De andres liv og Amour. Boka drøfter også dokumentarforteljingar som Levis Hvis dette er et menneske og Seierstads En av oss, og dokumentarfilmar som Lanzmanns Shoah og Riefenstahls Viljens triumf.

Jakob Lothe er professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Oslo.

 

PROGRAM:

Jakob Lothe forteller om boka Etikk i litteratur og film. Kommentarer ved Kjersti Bale og Kjartan Fløgstad

 

Tirsdag 6. desember kl 16.30   |  Fritt Ord, (Uranienborgveien 2)

 

Arrangementet er gratis!

 

Les mer om boka